31.12.07
Siga, no más
24.12.07
Ecuador - et u-land?
Sia mobilnettet i Ecuador ikkje stOtta norske mobila, bli ikkje mobilen me overalt, sA ej mA berre beklage at bilda her ikkje e mobilbilde. Men men.. Slik e livet.
Vel, sia d e julaften, mA nok ej en gong fA Onske alle som (tilfeldigvis) les d her ei riktig sA god og velsigna jul!
14.12.07
Snø og kvite strende
Då ej reiste heim forrige veke for ei longhelg, vart ej bedt om å gi frå mej fingeravtrykket då ej sku levere frå mej bagasjen på flyplassen. Ej vart litt forfjamsa, for d va ej ikkje forberedt på i d heile tatt, men ej ga d no frå mej då og lurte litt på ka d sku brukast t mens ej tusla mot gaten. Og der, når en sku gå ombord i flyet igjen, va d en slik fingeravtrykkslesar igjen. Så då va d berre å levere fingeravtrykket igjen og gå forbi alle so sto i kø i den betjente skranken. D bli berre morsommare og morsommare å ta fly! Så lenge en berre huska på å ikkje pirke nase eller slikke på fingern før en he vaska sej då. Tenk alle passasjerane som legg sin ekle fettete finger i samme sensor som mej. Nasty shit. Men praktisk!
Og en anna stor ting som skjede den her tirsdagen, va at ej endelig fekk et nytt mannlig søskenbarn på min mors side. Der d frå før va 6 jente (og enda ei i anmarsj) og to gutta, skulle d berre mangle at d dukka opp en gutt! Hurra hurra! Så d va stort å få helse på han før ej tek juleferie og reise t Ecuador for å feire jul me min kjære. Rart? Ja. Spennande? Ja. Tradisjon? Tvilsomt.
Så, alle mine kjære, venna og "venna": Ha en rett så trivelig juleferie!
23.11.07
Vestlandspietisme
D e fredag. Blå himmel og sol, og siste veke med pensum-gjennomgang va forrige veke. D einaste som gjenstend no, e repetisjon fram mot eksamen. Tenkte i utgangspunktet å bruke tida like effektivt som før, men du veit - å sitte heime i staden for å ta turen på skulen og tenke at en skal få gjort like masse likevel. Kan fungere viss en he enorm sjøldisiplin. Men ej kjenne at den ikkje e her i dag. Kombinasjonen av ei go seng og ei altfor fristande datamaskin som me dådyrauge ber om å bli slått på, ekje særlig bra for skulearbeidet. Plutselig e morgonen over. Og formiddagen me for den saks skyld. Og inspirert av alle bloggane ej he surfa gjennom, samt at d nesten e en måned sia forrige post her, vart utslagsgivande for at matteboka må ligge uberørt enda ei lita stund. D ekje lett å ver seriøs student i dagens lystfokuserte samfunn. Måtte vestlandspietismen bestå!
30.10.07
Marseille
Som broder Aambø skreiv på sin blogg, he han vør i Marseille. Eller, han sa han skulle t Marseille. Om han faktisk he vør i Marseille, kjem ikkje fram av d innlegget der. Men ej kan bekrefte at han he vør der. For tradisjonen tru, så må d en guttetur til i løpet av haustsemesteret for å kvele alle haustdepresjona som kjem med haustmørket. I forfjor va d Milano, i fjor va d Budapest, og i år va d altså Marseille som stod for tur. Dessverre kunne ikkje Odd Magnus bli med i år, men me litt forhandlinge, fekk oss me en energisk person likevel. D va ei glede å ha me sej unge Gustav på tur.16.10.07
Oslo...
Ej he alltid hatt et anstrengt forhold t Oslo. Byliv e d siste ej trakta ette her i livet tru ej. Veit ikkje heilt ka ti ej fann ut d, men i alle fall va d avgjerande då ej valgte Bibelskolen i Grimstad framfor mellom anna Bildøy, Fjelltun og spesielt Fjellhaug. Og ej kan innrømme at ej kan ha sagt noke slikt som "Oslo e d største hølet som finst i Norge", og d tru ej faktisk ej fremdeles kan stå sånn delvis inne for. En he riktignok monge mulighete i nær rekkevidde. D trekke klart opp. Vandring i haustmørke gate byr ofte på interessante syn, som f.eks. en Mini me skiboks. D e kort t skog og mark me frisbeegolfmulighete, og d finst masse folk som kan fortelle dej kor veien gjeng når du he gått dej vill på dei utallige stiane i Nord- og Østmarka. Og ikkje minst e d et stort kristent studentmiljø her i byen. D seiast at studentmiljøet generelt e stort og bra i Oslo, men d kan ej dessverre (?) ikkje uttale mej om. Okey. Men ka e så gale me d her då? Nei, d ekje så gale d. Men ka me å vandre i haustmørke under stjernene og uten kunstig belysning og fare for å bli voldtatt mellom knuste ølflaske og ferske spy- og pissflekka? Eller vandre longt frå folk på den eine stien som finst i skauen (evt. på fjellet) uten fare for å aldri finne tebake? Og ka e vel bedre enn et koslig bedehus der alle kjenne alle og en bli møtt me åpne arme og og forlet kveldsmøtet me et kakestykke i handa?D e kanskje litt satt på spissen d her då, men ej lika d. Sunnmøre... *sukk*
5.10.07
Norges tak
For omtrent en måne sia vart ej invitert me på fjelltur av mi kjæres eks-samboer-venninne. Planen va Norges tak - Galdhøpiggen og Glittertind på same helga. Noke ej meir eller mindre he smådrømt om frå barndommen av. Ikkje nødvendigvis å ta begge fjella på same helg, men i d minste Galdhøpiggen, sia d e Norges høgaste fjell. Sett vekk frå snøen då. Då e Glittertind høgast. Men snø tells ikkje. Snøen e aldri konstant. Men uansett, så takka ej ja t tilbudet, så ette litt planlegging va alt i boks, og ei knapp veke seinare va oss innkvartert på basecamp Spiterstulen, ei gammal seter som va gjort om t et slags fjellhotell, 1100 moh, en go halvtime frå Lom. På ankomstkvelden va d 0 grade og snø i lufta. Alt låg t rette for en herlig hausttur i fjellet!Av en eller anna grunn he ej innbilt mej at d gjekk an å køyre bil nesten heilt t toppen av Galdhøpiggen. Anakje koffor. D va i alle fall longt frå sannheten. Men myta om ei hytte på toppen va i alle fall sann. Ej rekna me d e fleire som e av same oppfatning som ej om d: "Tenk å bygge ei hytte på Norges høgaste fjell. Makan t frekkhet!"
Turen starta me litt skiftande skydekke og ei nysgjerrig sol, men d varte ikkje så lenge. T lenger opp oss kom, t meir snø og sterkare vind vart d. Tanken på ei hytte på toppen vart mindre og mindre negativ, og til slutt va tanken på hytta nesten d einaste som dreiv oss framover, der oss gjekk i piskande snø og ikkje ante kor longt d va igjen t toppen. Og plutselig skimta oss såvidt hytta der framme. D sku bli deilig å komme inn i le for vinden. "Hytta stengte for ti minutter siden," va d første oss vart møtt me når oss nådde fram. D viste sej at d e Juvasshytta, en anna basecamp for Galdhøpiggentura, som disponera nøkkelen for hytta. Og reisefølget derifrå hadde akkurat satt snuten nedover igjen. Makan! Og ikkje va d rå å finne ly noken plass heller. D va liksom vind frå alle kanta! Så ette klesskift, en kort fotosession og et par tørre brødskive me rosine, byndte oss på turen ned igjen, sia d va umulig å få fart på stormkjøkkenet så oss fekk steikt egg og bacon som oss hadde pakka me t luksuslunsj. Turen ned gjek fortare enn opp. Der venta d oss en treretters middagsbuffet, med kalvesteik som hovedrett. Anbefalast!
Dagen ette va d 10 cm nysnø på basecamp, så oss droppa Glittertind og reiste heim.
30.8.07
Sex. Overalt
21.7.07
Dokultur...?
Ken he vel ikkje haurt om jente som klaga på at gutta aldri legg dosetet ned igjen, men let d stå oppe? Mi oppfatning e i alle fall at den sutringa der e ganske så utbredt i Norges langstrakte land. I går va en del av jobben min her på BiG å vaske campingavdelinga, sia her no e en del campinggjesta på bruket. På herretoalettet e der fire toalett og fire pissoar, mens der på jentedoen e heile sju dassa. Vanligvis tenke ej ikkje så mykje over korsen ting ser ut når ej vaska, men plutselig slo d mej då ej heldt på med den tredje jentedassen at dosetet sto oppe, og d hadde dei gjort på dei to første me. Og når ej så sjekka dei fire andre dassane, sto setet oppe på dei me. Og når ej no tenke mej om, syns ej å huske at ej faktisk måtte løfte noken av doseta på herretoaletta. Så, chicks: Fiks dokka egne bjelka før dokke uberettiga klaga på flisene våre!
23.4.07
Alive. Or hell
Disse folka va katolikka. Men likevel så hevda dei som hadde en nær døden-opplevelse at d va en go følelse. At dei såg noke fantastisk. D va en so sa han absolutt ikkje va redd for å dø no. Då dukka d opp et lite spørsmål: Vil alle menneske som e i ferd me å dø oppleve d som godt? Eller e d berre kristne? Trudde d berre va kristne, ej. Og at alle andre vart grepe av frykt. For d e no d som e logisk. Syns i alle fall ej. Viss helvete e i enden av tunnelen, kor fristande e d, liksom? Men kor plassera oss en katolikk hen? I den kristne båsen, eller i den ikkje-kristne? Ej meina.. ej e ikkje katolikk. Fordi ej meina d e vranglære. Men kor vrangt e d? Eller.. kor masse kan Gud akseptere av avvik frå den sanne kristendommen før han ikkje vil sleppe oss inn i evigheten? Synd e for så vidt synd. Og oss lære at Gud e en nådig Gud. Men d va d me å leve i synd me då.. Helgendyrkelse, ei hellig overbevisning om at d e rett. Og så e d feil. Leve en då i synd? Høm... Gla d ikkje e ej som bestemme ken som slepp inn og ikkje..
Men altså: He du ikkje sett Alive, så sørg for å sjå den. Ikkje pga av religiøse spørsmål, men rett og slett fordi d va en knakande go film!
30.3.07
Skrytepost
D e fredag, d e overskya, men likevel sol, og ej he vør heime i litt over to døgn. Må sei ej he opplevd tidenes beste velkomst-helsing! Ikkje frå søstre eller foreldre, men frå Skaparen i eigen person. Ka e vakrare enn fjell med snø halvveis ned i fjellsida, blå himmel og sol som speila sej i sjøen? Gud, din skjønnhet, e d d her d e snakk om? Ej e riktignok fremdeles oppreist, men du verden - d e vakkert!
26.3.07
Folk flest bor utafor Kina
D stend en plass i d hellige evangelium at viss en he sterk nok tru, ska en klare å flytte fjell. Ej veit ikkje heilt ken ej ska skylde på. E d mamma og pappa? Ledelsen på Vestborg (hardbarka NLM)? Den dårlige innflytelsen frå mine verdslige klassekamerata opp gjennom tidene? Eller kanskje rett og slett mi nedprioritering av tid me Herren sjøl? Eller ser Gud noke som ej ikkje ser, sia han ikkje vil sende oss meir frost og snø same kor ej ber? Ej he aldri opplevd en meir latterlig dårlig vinter med så patetisk lite snø og kulde som dinne vintern her! Ej he litt problem me å kjefte på Gud - tru d he litt me respekt for Han å gjer. Men i dag såg ej en reportasje frå Kina på Dagsrevyen. Dei fyre med kol, og d e visst ikkje så bra. Ikkje berre stel dei flesteparten av folka her på kloden, men no he dei tatt snøen vår me! Hadde d vør snø her no, hadde ej aldri fønne på å studere ende, ikkje hadde ej fått vassblemme under føtene av fotballspeling, og ej hadde sannsynligvis aldri gått t fots t Vettakollen!
14.3.07
Vintersol
Så va d harde faktum her: Vintern he sløppe taket og sola gjer alt den kan for å friste mej ut på den solfylte, så og sei vindstille balkongen vår. Og ej fell for fristelsen. Litt trist, litt godt. Godt fordi d e deilig å kjenne at en kan sitte i t-skjorte og svette en marsdag. Men trist fordi når en syns d e godt og kjenne at en bli tilfreds, så godtek en på en måte at vintern e over. Og d bli feil! Vintern skakje ver over før ette påske. Mars e riktig nok offisielt den første vårmåneden, men likevel - snøen skakje smelte vekk før ette påske, og i alle fall ikkje når palmesøndag e allerede 1. april! Men ska en likevel sjå på den positive sida, så tyde nok d vårtegnet her på at d bli en del soltima utpå balkongen i år me. Herligt! Og ja, ej elska bilde av mej sjøl!
5.3.07
Tautflisa
8.2.07
Snjoen kjem
Hurra! Pappa fann igjen blåtann-dingsen min, så no kan blogg-livet mitt endelig bynde igjen. Et nytt semester e godt i gang, og med nytt semester, følge nye bøke. Litt over 6 kg engelsk pensum e nytt av året. Og så ivrig ej e i engelsk, så e d selvfølgelig ei stor glede! Sjøl om dei ikkje he den morsomme skarre-gurlge-r'en som dei he på Frolandsk. He forøvrig vør innom Froland et par gonga sia sist. Fekk den ære av å ver me rundt og helse på Ingunns folk, inkl. nybakte mødre. Litt trivlig, litt kjedlig. Men ho besto morsinstinkts-testen me glans - d ska ho ha! Og langrennstesten, ikkje minst! Då dei smørefrie skia for lengst e utgått på både dato og gli, såg ej mej nødt t å kjøpe nye i år. Smøre-ski dinne gongen. Så en laurdag me sol og nysnø, bar d t Nordmarka. Fantastisk! Satsa på fleire slike i løpet av våren. Og apropos snø, så må d nemnast at no he d komt enda meir snø. Så takk til Gud, som no virkelig he vist oss snøens skrud (jf Du grønne, glitrende eng)!

