14.12.07

Snø og kvite strende

kollasj19

Då ej reiste heim forrige veke for ei longhelg, vart ej bedt om å gi frå mej fingeravtrykket då ej sku levere frå mej bagasjen på flyplassen. Ej vart litt forfjamsa, for d va ej ikkje forberedt på i d heile tatt, men ej ga d no frå mej då og lurte litt på ka d sku brukast t mens ej tusla mot gaten. Og der, når en sku gå ombord i flyet igjen, va d en slik fingeravtrykkslesar igjen. Så då va d berre å levere fingeravtrykket igjen og gå forbi alle so sto i kø i den betjente skranken. D bli berre morsommare og morsommare å ta fly! Så lenge en berre huska på å ikkje pirke nase eller slikke på fingern før en he vaska sej då. Tenk alle passasjerane som legg sin ekle fettete finger i samme sensor som mej. Nasty shit. Men praktisk!

Og en anna stor ting som skjede den her tirsdagen, va at ej endelig fekk et nytt mannlig søskenbarn på min mors side. Der d frå før va 6 jente (og enda ei i anmarsj) og to gutta, skulle d berre mangle at d dukka opp en gutt! Hurra hurra! Så d va stort å få helse på han før ej tek juleferie og reise t Ecuador for å feire jul me min kjære. Rart? Ja. Spennande? Ja. Tradisjon? Tvilsomt.

Så, alle mine kjære, venna og "venna": Ha en rett så trivelig juleferie!

23.11.07

Vestlandspietisme

DSC00293D e fredag. Blå himmel og sol, og siste veke med pensum-gjennomgang va forrige veke. D einaste som gjenstend no, e repetisjon fram mot eksamen. Tenkte i utgangspunktet å bruke tida like effektivt som før, men du veit - å sitte heime i staden for å ta turen på skulen og tenke at en skal få gjort like masse likevel. Kan fungere viss en he enorm sjøldisiplin. Men ej kjenne at den ikkje e her i dag. Kombinasjonen av ei go seng og ei altfor fristande datamaskin som me dådyrauge ber om å bli slått på, ekje særlig bra for skulearbeidet. Plutselig e morgonen over. Og formiddagen me for den saks skyld. Og inspirert av alle bloggane ej he surfa gjennom, samt at d nesten e en måned sia forrige post her, vart utslagsgivande for at matteboka må ligge uberørt enda ei lita stund. D ekje lett å ver seriøs student i dagens lystfokuserte samfunn. Måtte vestlandspietismen bestå!

30.10.07

Marseille

Som broder Aambø skreiv på sin blogg, he han vør i Marseille. Eller, han sa han skulle t Marseille. Om han faktisk he vør i Marseille, kjem ikkje fram av d innlegget der. Men ej kan bekrefte at han he vør der. For tradisjonen tru, så må d en guttetur til i løpet av haustsemesteret for å kvele alle haustdepresjona som kjem med haustmørket. I forfjor va d Milano, i fjor va d Budapest, og i år va d altså Marseille som stod for tur. Dessverre kunne ikkje Odd Magnus bli med i år, men me litt forhandlinge, fekk oss me en energisk person likevel. D va ei glede å ha me sej unge Gustav på tur.


Skal ikkje ramse opp alt som skjedde på turen, men kan berre kort nevne at d va en herlig tur. Som gutta flest ville gjort, så fråtsa oss i mat, gjekk forbi alle jentebutikkvindu, fryda oss over Guds herlige jenteskapninge, tok en båttur rundt fengselsøya Château d'If (der greven av Monte Cristo e spelt inn), nakenbada i Middelhavet og va på Champions League-kamp mellom Marseille og Porto. Og d må nevnast at Stade Velodrome he tidenes eklaste pissoar, som avbilda øverst i midten. Men må en, så må en...




Gutta, takk for en herlig tur!

16.10.07

Oslo...

Ej he alltid hatt et anstrengt forhold t Oslo. Byliv e d siste ej trakta ette her i livet tru ej. Veit ikkje heilt ka ti ej fann ut d, men i alle fall va d avgjerande då ej valgte Bibelskolen i Grimstad framfor mellom anna Bildøy, Fjelltun og spesielt Fjellhaug. Og ej kan innrømme at ej kan ha sagt noke slikt som "Oslo e d største hølet som finst i Norge", og d tru ej faktisk ej fremdeles kan stå sånn delvis inne for. En he riktignok monge mulighete i nær rekkevidde. D trekke klart opp. Vandring i haustmørke gate byr ofte på interessante syn, som f.eks. en Mini me skiboks. D e kort t skog og mark me frisbeegolfmulighete, og d finst masse folk som kan fortelle dej kor veien gjeng når du he gått dej vill på dei utallige stiane i Nord- og Østmarka. Og ikkje minst e d et stort kristent studentmiljø her i byen. D seiast at studentmiljøet generelt e stort og bra i Oslo, men d kan ej dessverre (?) ikkje uttale mej om. Okey. Men ka e så gale me d her då? Nei, d ekje så gale d. Men ka me å vandre i haustmørke under stjernene og uten kunstig belysning og fare for å bli voldtatt mellom knuste ølflaske og ferske spy- og pissflekka? Eller vandre longt frå folk på den eine stien som finst i skauen (evt. på fjellet) uten fare for å aldri finne tebake? Og ka e vel bedre enn et koslig bedehus der alle kjenne alle og en bli møtt me åpne arme og og forlet kveldsmøtet me et kakestykke i handa?

D e kanskje litt satt på spissen d her då, men ej lika d. Sunnmøre... *sukk*

5.10.07

Norges tak

For omtrent en måne sia vart ej invitert me på fjelltur av mi kjæres eks-samboer-venninne. Planen va Norges tak - Galdhøpiggen og Glittertind på same helga. Noke ej meir eller mindre he smådrømt om frå barndommen av. Ikkje nødvendigvis å ta begge fjella på same helg, men i d minste Galdhøpiggen, sia d e Norges høgaste fjell. Sett vekk frå snøen då. Då e Glittertind høgast. Men snø tells ikkje. Snøen e aldri konstant. Men uansett, så takka ej ja t tilbudet, så ette litt planlegging va alt i boks, og ei knapp veke seinare va oss innkvartert på basecamp Spiterstulen, ei gammal seter som va gjort om t et slags fjellhotell, 1100 moh, en go halvtime frå Lom. På ankomstkvelden va d 0 grade og snø i lufta. Alt låg t rette for en herlig hausttur i fjellet!

Av en eller anna grunn he ej innbilt mej at d gjekk an å køyre bil nesten heilt t toppen av Galdhøpiggen. Anakje koffor. D va i alle fall longt frå sannheten. Men myta om ei hytte på toppen va i alle fall sann. Ej rekna me d e fleire som e av same oppfatning som ej om d: "Tenk å bygge ei hytte på Norges høgaste fjell. Makan t frekkhet!"

Turen starta me litt skiftande skydekke og ei nysgjerrig sol, men d varte ikkje så lenge. T lenger opp oss kom, t meir snø og sterkare vind vart d. Tanken på ei hytte på toppen vart mindre og mindre negativ, og til slutt va tanken på hytta nesten d einaste som dreiv oss framover, der oss gjekk i piskande snø og ikkje ante kor longt d va igjen t toppen. Og plutselig skimta oss såvidt hytta der framme. D sku bli deilig å komme inn i le for vinden. "Hytta stengte for ti minutter siden," va d første oss vart møtt me når oss nådde fram. D viste sej at d e Juvasshytta, en anna basecamp for Galdhøpiggentura, som disponera nøkkelen for hytta. Og reisefølget derifrå hadde akkurat satt snuten nedover igjen. Makan! Og ikkje va d rå å finne ly noken plass heller. D va liksom vind frå alle kanta! Så ette klesskift, en kort fotosession og et par tørre brødskive me rosine, byndte oss på turen ned igjen, sia d va umulig å få fart på stormkjøkkenet så oss fekk steikt egg og bacon som oss hadde pakka me t luksuslunsj. Turen ned gjek fortare enn opp. Der venta d oss en treretters middagsbuffet, med kalvesteik som hovedrett. Anbefalast!

Dagen ette va d 10 cm nysnø på basecamp, så oss droppa Glittertind og reiste heim.