27.5.06

Avskjed

Eg er lei
av å skriva
Kva kan eg sei?
Eg vil grina!
Det tek knekken på meg
å alltid måtta oppdatera
Eg veit at no må eg
spørja "Hva skjer'a?"
Svaret, min ven
er at eg lysta har mista
Eg tek no min penn
og legg den i kista

30.4.06

La vida

Etter harde oppmodingar om å oppdatera vevloggen, har eg gjeve etter for presset. Då det ikkje skjer så veldig mykje å fortelja all verda om, let eg det bli med desse linjene. Men tru meg, det kjem meir! Vil du bidra til å gje meg eit meir spanande liv, så ta kontakt!

14.4.06

Hundeidvik...

Kva kan eg seia? Det vil vera ei fornærming mot bygda å ikkje ha med bilete av ho. Lysteikningar frå turen til Festøykollen august 2003 er difor å finne. God trivnad!

9.4.06

Hurra!

Ting skjer på sida her... Takka vere blogger.com, kan eg no kringkaste ein splitter ny vevlogg her på denne deilige sida. Oppdateringar kjem.
Følg med, følg med!