30.4.06

La vida

Etter harde oppmodingar om å oppdatera vevloggen, har eg gjeve etter for presset. Då det ikkje skjer så veldig mykje å fortelja all verda om, let eg det bli med desse linjene. Men tru meg, det kjem meir! Vil du bidra til å gje meg eit meir spanande liv, så ta kontakt!

14.4.06

Hundeidvik...

Kva kan eg seia? Det vil vera ei fornærming mot bygda å ikkje ha med bilete av ho. Lysteikningar frå turen til Festøykollen august 2003 er difor å finne. God trivnad!

9.4.06

Hurra!

Ting skjer på sida her... Takka vere blogger.com, kan eg no kringkaste ein splitter ny vevlogg her på denne deilige sida. Oppdateringar kjem.
Følg med, følg med!