Eit fint lite grantre på vidda eg ser
i Hedalen aude og nett.
Det vent midt i snø under solskin seg ter;
Det står der så rakt og så rett.
I Hedal var snø opptil skrittet og meir
til lenger i høgda ein kom.
Men lengst oppå toppen av Høgdefjells reir,
der var ikkje anna enn storm.
Sei, ottast du ikkje, vi vil deg alt vel,
du hytte i audemark-land.
Ja, sjølv om du gøymer deg blant mange fjell,
så vil vi deg ta i vår hand;
På taket på hytta, det måtte bli reint,
for snøen vert tung for eit tak.
Vi spadde og spadde heilt til det vart seint,
men framleis så låg der eit flak.
Men meir enn litt snø såg vi falle frå tak -
Guds levande skapningar òg.
Dei klatra og kleiv før dei gjekk rett på sak:
Vi flygande menneskje såg.
Som alt anna vakkert og vent i vår verd,
tok turen til fjells òg ein slutt.
Stor takk vil eg sende til "Olsen" især,
for helga var verdt kvart minutt!