25.1.10

Bloggen blir flytta...

He litt problem me å få bilda slik ej vil d her me Blogger, så ej prøva mej heller på Wordpress istadenfor.

Ny adresse for bloggen: http://bjornarv.wordpress.com.

C u on the other side!

17.1.10

Lokal lunsj


I Gambia et en tre måltid om dagen: Frokost, lunsj og middag. Men utifrå type mat og tidspunkt dei bli inntatt på, så kan d meir sammenlignast med brønsj, middag og kvelds. Frokost e brødmat, middag e ris og noke attåt (stort sett fisk), mens middag kan ver alt frå brødmat til "vanlig" middagsmat. Dei siste dagane he ej vør så heldig at ej he fått servert lunsj på lokalt vis. Då samlast en rundt en blikkbalje med kvar si skei - så longt d rekk - og forsyne sej frå samme matfat i et afriansk, bedagelig tempo. I dag kom ej over to stk som sat og åt, og då va ej pent nødt til å sette mej ned og joine Buba og Saul. D va ingen fleire skeie igjen, så ej fekk den Saul satt og åt med. Med største selvfølge sku ej berre sette mej ned og begynne å ete me den. Så ej gjor selvfølgelig d. Med største selvfølge! Uten å skjere ei mine. Men d va godt då! Sjølv om d va fisk. Masse krydder på all mat her! I kveld fekk ej servert barbeque me. D gjekk litt meir ryddig for sej - alle fekk kvar sin porsjon på kvart sitt fat med tilhøyrande bestikk. Men d va himla sterkt, så ej måtte bruke litt tid mellom tyggene og hive ette luft og kjøle ned etarhòlet med vatn. Men du og du kor godt d va! Må sørge for å få me mej en del oppskrifte heim igjen.

15.1.10

Kjære dagbok!

I dag fekk ej den store glede av å besøke det gambiske universitetet. Lamin, min nye venn og samarbeids-partner i det gambiske helsevesenet, va én av fleire som he vør på et vekes kurs i handtering av Joomla (publiseringsverktøy for nettside). Interessant opplevelse å observere pc-kunnskapen t dei lokale! Men seansen varte og rakk, så halvveis i ei 15 mins pause bestemte ej mej for å ta en tur ut for å finne en matbit. En halvtimes tid seinare kom ej tebake t klasserommet, og då va d fremdeles pause! Africa, sweet Africa! Då neste seanse va ferdig, vart d annonsert en times pause, så då bestemte ej mej for å stikke "heim" og finne tak i Demba - en fyr som va keen på å finne på et kvart. Lamin satte mej på en taxi og forklarte han veien. Då ej vart satt av i et kryss, hadde ej ikkje den fjernaste anelse om kar ej va, så ej fann et landemerke (en internett-kafé) og ringte Lamin og forklarte kor ej va. Han forsto d faktisk og losa mej tebake t d krysset ej va satt av i av taxin. Som va 20m frå porten til bakgården der ej bor...

Ette kvart fekk ej tak i Demba, og han tok mej me på en rundtur i dei lokale bakgatene på en liten handletur. Ingen gatenavn, dei små "husa" me bølgeblekk ser kliss like ut (for mine aue), så korsen folk finn fram her, e for mej et lite mysterium. Oss stakk innom gjestehuset og dumpa tinga, og ej benytta anledninga t å servere han julebrød. Tenkte han kunne få smake litt. Han tenkte nok annerledes, for han åt rubbel og bit! Me rosine og sukat! Og hevda han likte d til og me. Måtte jo sei at ej hadde laga d sjøl, og då gjor han mellomstore aue. Menn laga jo ikkje mat!

Ej hadde lest om tamme krokodille på nettet, så ej sa at ej kunne tenke mej å sjå dei. Og d va veldig greit, for d va jo like i nabolaget. Ette nok en gatelabyrint va oss plutselig der. Og d va virkelig fascinerande! Så slappe krokodille! "Don't worry! They eat fish, not you," sa en av guidane der, så d va berre å klappe dei. Og ville en ha dei t å flytte sej, va d berre å knipe dei litt i låret. Ei herlig blanding av frykt og ekstase. Anbefalast! :)

14.1.10

20 cm.,,

... eller deromkring e avstanden frå min tommelfingertupp til peikefingertup. Og det va avstanden frå flysetet ej satt på fram til seteryggen framfor mej i flyet t Thomas freaking Cook. Ej ska aldri - ja, sann mine ord: aldri! - reise med Thomas Cook igjen, me mindre d vil lønne sej ekstremt enten økonomisk eller tidsmessig. Dessverre he ej en returflight 23. mars me Thomas Cook som må gjennomførast. Men aldri meir ette d!

Førsteinngtrykket vaheller ikkje d beste. Ej e jo i bunn og grunn skyldig sjøl, i og me at ej ikkje sjekka at maks tillatt vekt på handbagasje va 5 kg. Og når ej stend der og vil sjekke inn 7 min før boardinga starta, og he 12 kg handbagasje, så vakje valget så masse anna å gjer enn å betale overvekt. Ej slapp heldigvis å betale for den medbrakte nista, men seriøst - £12/kg overvekt e rett og slett ran! £60 kosta d mej at ej ikkje gadd å leite ette maksvekt på handbagasjen. Ej hadde jo sjekka (eller rettare sagt: tilfeldigvis lagt merke til) at Norwegian tillet 15 kg handbagasje. På tilbaketuren skal ej kle på mej et par ekstra kilo me kle og stappe den 4 kg tunge pcn på innsida av gensern. Eller kanskje gjømme unna litt vekt i ei oppbevaringsboks under innsjekkinga? Uetisk, sei du? Hon ikkje verre enn å kreve £60 pund for 5 kg ekstra innsjekka bagasje!

Men vel ombord flyet, og når seteplassen va forsøkt glømt, lot ej mej begeistre over at d va filmvisning på reisa. Men tipp ken som fekk det eine setet med defekt headphones-tilkobling! Ej klaga mi nød til en av flyvertane, og han henviste mej t et ledig sete lenger fram. Fair enough. Men på toppen av alt, så va sidemannen forkjøla, og naus og naus uten alltid å holde sej så masse for kjeften. Ved ei annledning minte d til og med om litt sunnmørsk yr på underarma. Lovely!

Men trass Thomas freaking Cook og typisk uflaks og ubesluttsomhet, så he den første dagen i Gambia absolutt vør bra! Ikkje monge plassa en kan sitte på gratis trådlaust internett i bushen i Afrika fordi en e dus* me han som driv internettkafeen. "So, how much does it cost?" "Nothing for you! For you it's free!" Gambia, sweet Gambia!

* For dei som e kjent me dus-terminologien: Heite d "være dus med" eller "være på dus med"?

13.1.10

BlogWriter

Ja, ej veit! Bildet e for stort, og geo-tagginga e feil. Men måtte jo teste funksjonane i iPhone-appen BlogWriter, som ellers fungera heilt utmerka! :)